Utslepp og avfall

Bruk av radioaktive stoff i industri, sjukehus og forsking kan føre til at det oppstår radioaktivt avfall og utslepp av radioaktive stoff. Det kan vere i samband med vask av utstyr som har blitt brukt i forsking, eller urin frå pasientar ved nukleærmedisinsk undersøking. Radioaktive stoff finst naturleg i miljøet og i grunnen (engelsk: NORM – Naturally-Occuring Radioactive Materials) og følgjer ofte med som eit avfallsprodukt ved til dømes olje- og gassutvinning eller i gruveverksemd. Det kan vere i form av steinstøv med radioaktive stoff, eller fast stoff eller produsert vatn frå petroleumsindustrien.

Verksemder som har utslepp av radioaktivitet over ei viss grense må ha tillating frå Statens strålevern. Radioaktivt avfall må handterast forsvarleg, som betyr at avfallet skal sendast til nokon som har tillating til å ta imot radioaktivt avfall. Det kan også gjevast tillating til handtering av radioaktivt avfall.

Strålevernet rettleier verksemder og fører tilsyn med verksemdene si oppfølging av tillatinga. Dette sikrar at krav frå myndigheitene blir oppfylte.

  • Akutt radioaktiv forurensning

    Akutt radioaktiv forurensning

    Akutt radioaktiv forurensning innebærer at den oppstår plutselig, og er som regel oppstått pga. atomhendelser eller ulykker hvor det er forurensning av radionuklider som kan være til skade eller ulempe for mennesker, miljøet, eller viktige samfunnsin…

    Les mer »
  • Produsert vatn

    Produsert vatn

    Ved produksjon av olje og gass følgjer det med formasjonsvatn frå reservoaret. Vatnet blir kalla produsert vatn og inneheld små mengder naturleg eksisterande radioaktive stoff som har leke ut frå berggrunnen.

    Les mer »
  • Utslepp og avfall frå radioaktive kjelder som blir nytta i petroleumsverksemd

    Utslepp og avfall frå radioaktive kjelder som blir nytta i petroleumsverksemd

    Radioaktive kjelder blir nytta i fleire samanhengar i samband med petroleumsverksemd. Når desse kjeldene ikkje lenger skal brukast, blir dei sleppte ut i sjøen eller behandla som avfall.

    Les mer »
  • Radioaktive avleiringer

    Radioaktive avleiringer

    Ved produksjon av olje og gass, følger det med formasjonsvann fra reservoaret. Dette vannet inneholder små mengder naturlig forekommende radioaktive stoffer og kan, blant annet som følge av endringer i trykk og temperaturforhold, føre til at det dann…

    Les mer »