Helserisiko ved røntgen og nukleærmedisin

Tilbake

Publisert 10.11.2016, oppdatert 03.03.2017 12:44

Stikkord: Radiologi, Helseeffekter , Nukleærmedisin, Røntgen

Helserisikoen ved stråling i helsevesenet er generelt liten, og nytten ved undersøkingane vil i dei aller fleste tilfella overstige ulempa.

Helserisiko ved røntgenstråling. © psdesign1 - Fotolia.com

Helserisiko ved røntgenstråling. © psdesign1 - Fotolia.com

Gravid og røntgen

Barn og foster er meir følsame for stråling enn vaksne. Derfor bør du fortelle radiografen som utfører undersøkinga, om du er gravid. Dersom du ikkje skal ta bilete av bekken eller magen, plar ein graviditet normalt ikkje å vere eit hinder. Dersom det blir teke bilete av deg når du er gravid, vil dosane ved røntgenundersøkingar vere betydeleg lågare enn det som vil føre til ein risiko for akutte skadar på fosteret. For at du skal kjenne deg trygg, kan det likevel vere greitt at den radiologiske avdelinga gjer ei vurdering av storleiken på dosen. Uansett vil det ikkje vere nødvendig å ta abort. I røntgendiagnostikk er det svært sjeldan ein kjem opp i slike dosar.  

 

 

Nytte og risiko

All strålebruk innan røntgen og nuklærmedisin skal vere velgrunna. Det betyr at både legen som har tilvist og avdelinga som undersøkjer, skal gjere ei vurdering av nytten og risikoen ved undersøkinga/behandlinga – er det er farlegare å ta undersøkinga/behandlinga enn å ikkje gjere det?

 

 

Stråledosar

Typiske stråledosar ved nokre forskjellige røntgenundersøkingar finn du i figuren under:

Figur 1: Gjennomsnittlige stråledoser for noen vanlige undersøkelser.

Figur 1: Gjennomsnittlige stråledoser for noen vanlige undersøkelser.



Omtrentleg risiko for nokre vanlege røntgen- og nukleærmedisinske undersøkingar

For å seie noko om den omtrentlege risikoen som ulike typar røntgen- og nukleærmedisinske undersøkingar fører til, er dei forskjellige stråledosane samanlikna med gjennomsnittleg bakgrunnsstråling i tabellen under. Der blir det vist den ekstra risikoen for kreft ein får ved forskjellige undersøkingar. Naturleg bakgrunnsstråling er i gjennomsnitt ca. 3,5 mSv/år, men den vil variere frå stad til stad blant anna pga. forskjellige radonnivå. Når ein veit at ca. 30 % av befolkninga ein eller annan gong i livet vil få kreft, vil den ekstra risikoen ein påfører seg ved ei røntgen- eller nuklærmedisinsk undersøking, vere svært liten.

Røntgen og nukleærmedisinsk undersøking 

 Tilsvarande periode med naturleg bakgrunnsstråling 

Ekstra risiko for å utvikle kreft*  

Lunger
Tenner
Armar og bein
Hender og føter 

 Nokre dagar

Ubetydeleg risiko
Mindre enn 1 av
1 000 000

Hode
Nakke
OPG
CBCT  

 Eit par veker

 Minimal risiko
1 av 1 000 000
til 1 til 100 000

Bryst (mammografi)
Hofte
Rygg
Mage
Bekken
CT av hovud
Lunger - nukleærmedisin
Nyrer - nukleærmedisin  

 Eit par månader til eitt år

 Svært liten risiko
1 av 100 000
til 1 av 10 000

Nyrer og urinblære
Magesekk
Tjukktarm
CT av brystkassa
CT av mageregionen  

 Eit par år

 Liten risiko
1 av 10 000
til 1 av 1000

* Dette er ein svært liten risiko som kjem i tillegg til den naturlege risikoen på om lag 30 % som vi alle har til å utvikle kreft ein eller annan gong i livet.