Høgspentleidningar og transformatorar

Tilbake

Publisert 27.11.2014, oppdatert 01.02.2017 11:15

Stikkord: Strøm og høyspent

Rundt alle straumanlegg oppstår det elektriske og magnetiske felt, som samla blir kalla elektromagnetiske felt. Det helsemessige fokuset har vore knytt til magnetfeltet. I Noreg nyttar straumnett og elektriske anlegg ein frekvens på 50 Hz. Det er ikkje dokumentert negative helseeffektar ved eksponering frå høgspentlinjer eller transformatorar.

Meir informasjon om straum og helseeffektar.

Magnetfelt oppstår når det går straum gjennom ei leidning. Styrken på magnetfeltet er avhengig av straumstyrken i leidninga eller anlegget, avstanden til anlegget, og korleis leidningane heng i forhold til kvarandre. Magnetfelt trenger gjennom vanlege bygningsmateriale og er vanskelege å skjerme.

Magnetfelt frå straumnettet blir vanlegvis målt i mikrotesla (µT). Vanlege nivå for bustader, barnehagar, skular og næringsbygg er i området 0,01–0,1 µT. Desse verdiane blir gjerne omtalte som bakgrunnsnivå. Nærleik til høgspentlinjer og trafostasjonar er i dag den vanlegaste årsaka til høgare magnetfeltnivå i bustader, barnehagar, skular og næringsbygg.

Retningslinjer og grenseverdiar

Grenseverdien for magnetfelt frå straumnettet er 200 µT. Befolkninga vil stort sett aldri bli eksponert for denne verdien, derfor er det alltid strålevernforskrifta sin ordlyd om at «all eksponering skal haldast så låg som god praksis tilseier» som er aktuell.

Vidare står det i strålevernforskrifta, §§ 5 og 6, at der det ikkje er nasjonale retningslinjer og grenseverdiar innan optisk stråling og elektromagnetiske felt er det den siste oppdaterte versjonen av Guideline on limited exposure to Non-Ionizing Radiation frå den Internasjonale kommisjonen for vern mot ikkje-ioniserande stråling (ICNIRP) som er rettleiande for kva som er god praksis.

Utredningsnivå for magnetfelt

I Noreg har vi definert eit utgreiingsnivå for magnetfelt nær høgspentanlegg på 0,4 µT (gjennomsnittsnivå gjennom året). Dette er ingen grenseverdi, heller inga tiltaksgrense.

Netteigar skal ved oppføring av nye høgspentanlegg eller oppgradering av eksisterande anlegg greie ut om magnetfeltet i nærliggande bygg kan bli høgare enn 0,4 μT. Alternative løysingar for å redusere felt skal i så fall vurderast.

Det same kravet gjeld for den som er ansvarleg for planlegging og oppføring av nye bygg, hovudsakleg skular, barnehagar og bustader, nær eksisterande høgspentleidningar.

Bakgrunnen for at vi i Noreg har etablert utgreiingsnivå, kan du lese om her:  Straum og helseeffektar.

Det er ikkje påvist at auka risiko for kreft hos vaksne eller for andre kreftformer hos barn kan knytast til det å bu nær høgspentanlegg. Det er heller ikkje funne andre former for helseskade.

Moglege tiltak

Dersom magnetfeltet vil bli over 0,4 µT, skal alternative løysingar eller tiltak vurderast opp mot kostnader og andre ulemper.
Moglege tiltak ved nye bygg nær eksisterande høgspentanlegg viss magnetfeltet i snitt over året er over 0,4 µT:

  • plassere bygningen lengst mogleg frå høgspentleidninga, for eksempel ved å legge veg, parkeringsplass, garasje eller uthus nærmast leidninga
  • plassere barne-, sove- og opphaldsrom slik at desse ligg lengst frå leidninga

Moglege tiltak ved utbygging av nye høgspentanlegg viss magnetfeltet i snitt over året er over 0,4 µT: 

  • endre traséval for å auke avstanden mellom leidning og bygg
  • endre mastetype/mastehøgde eller flytte master
  • legge jordkabel, noko som gir redusert magnetfelt, men som er svært kostbart