Kvalitetssikring i stråleterapi - KVIST

Tilbake

Publisert 16.01.2014, oppdatert 22.11.2018 10:30

Stikkord: Stråleterapi

Kvalitetssikring i stråleterapi (KVIST)

«Vi vil skape positive haldningar til kvalitetssikring og bidra til auka kommunikasjon mellom stråleterapisentera og dei ulike faggruppene som er involverte i stråleterapi».

KVIST-gruppa ved Strålevernet jobbar med kvalitetssikringsprosjekt innanfor stråleterapi. Gruppa er tverrfagleg med onkolog, medisinsk fysikar og stråleterapeut. Kvalitetssikringsarbeidet er prosjektbasert i nasjonale arbeidsgrupper koordinerte av KVIST. Prosjekta leier fram til tilrådingar som bygger på nasjonal konsensus. Referansegruppa er KVIST-gruppa sitt rådgivande organ og hjelper til med å definere og prioritere dei ulike kvalitetssikringsprosjekta. Referansegruppa sine medlemmer blir valde inn for treårsperiodar og består av fagpersonar frå stråleterapiavdelingane i heile landet.

Rapportering av verksemd og nettportal

Norske sjukehus rapporterer årleg inn data for stråleterapiverksemda si til Strålevernet. Data består av ein generell årsrapport frå siste år og planar komande år, aktivitetsdata og tilgjengelege ressursar. Innrapporterte stråleterapidata dannar grunnlag for generering og presentasjon av nasjonale enhetlige til stråleterapiavdelingane, til helsemyndigheiter og andre som har nytte av slik informasjon.  SR 2012:7 Stråleterapi i Norge. Generelle trender 2001-2010

Ønskjer ein data utover det som finst i desse rapportene eller som ein har tilgang til på nettportalen, kan ein ta kontakt med KVIST-gruppa på Strålevernet, kvist2@nrpa.no
Besøk KVIST-gruppa også på nettsidene http://kvist.nrpa.no

Norsk stråleterapimøte

Norsk stråleterapimøte blir arrangert årleg med ca. 100 deltakarar. Møtet er eit felles møte for alle fagpersonar som arbeider med stråleterapi, og det blir normalt arrangert ein gong kvart år.

Faglige tilrådingar for stråleterapi

Helse- og omsorgsdepartementet har gitt Statens strålevern mandat til å koordinere og utvikle kunnskapsbaserte prosedyrar i stråleterapi (St.prp. nr. 1 2004–2005). Utarbeiding av faglege tilrådingar i stråleterapi blir gjort i samarbeid mellom dei onkologiske faggruppene. Faggruppene står fagleg ansvarleg for innhaldet og initierer oppdateringar når dette er nødvendig. Tilrådingane gir detaljerte beskrivingar om stråleterapi for aktuell diagnosegruppe og er eit supplement til handlingsprogramma utarbeidde av

Avvik i stråleterapi

Uhell og uønskte hendingar i stråleterapi skal meldast via sjukehusa sine interne meldesystem og vidare til myndigheitene der dette er eit krav. I tillegg rapporterer norske stråleterapiavdelingar inn mindre alvorlege, men uønskte hendingar som har påverka, eller kunne ha påverka, pasientbehandlinga til Strålevernet. Data frå denne rapporteringa blir samanstilte på Strålevernet og gjort tilgjengelege for stråleterapiavdelingane.

Strålevernrapport 2013:7 Avvikshåndtering i norsk stråleterapi

Kliniske revisjoner i stråleterapi

Kliniske revisjonar i stråleterapi er evaluering av klinisk praksis (gjennomført behandling) opp mot tilrådde metodar og prosedyrar. Arbeidet er klinisk initiert, tverrfagleg og gjennomført av fagfellar. Forslag til endring av metodar og praksis blir der foreslått når dette er initiert. Resultat frå kliniske revisjonar ved ei stråleterapiavdeling er unnateke frå offentlegheita. Det blei gjennomført kliniske revisjonar på strålebehandling ved skjelettmetastasar i 2003. 
SR 2004:9 Pilotprosjekt for kliniske revisjoner i stråleterapi
I perioden 2008–2011 blei det gjennomført kliniske revisjonar på postoperativ strålebehandling på brystkreft. 
StrålevernRapport 2014:8 Kliniske revisjoner av stråleterapi ved brystkreft ved norske terapienheter 2009–2011

Volum/dose tilrådingar

Stråleterapidokumentasjon er viktig for kvalitetsutvikling i stråleterapi. Ei KVIST-leia arbeidsgruppe har gitt tilrådingar for einskapleg dokumentasjon av stråleterapi basert på internasjonale tilrådingar og norske tradisjonar i 2003. Denne blei revidert og oppdatert i 2012.
SR 2012:9 Volum og doser i ekstern stråleterapi. Definisjoner og anbefalinger

Nasjonal tilråding for rekvirering av stråleterapi

Det er utarbeidd tilrådingar for rekvirering av stråleterapi i Noreg. Rekvirering av stråleterapi blir delt inn i to trinn. Planleggingsrekvisisjon beskriv intensjonen med behandlinga og ønskt behandlingsopplegg, og dannar utgangspunkt for planlegginga av behandlinga. Behandlingsrekvisisjonen består av ein ferdig utarbeidd behandlingsplan.  SR 2009:12 Rekvirering av høyenergetisk strålebehandling

Utlån av fantomer til kontroll av geometrisk presisjon i stråleterapi

Strålevernet låner ut utstyr for geometriske kontrollar gjennom heile stråleterapikjeda. Informasjon om fantoma QUASAR™ Multi-Purpose Body Phantom og QUASAR™ MLC Beam Geometry Phantom. Fantoma blei testa ut ved norske stråleterapisenter i perioden 2003–2005. .
SR 2006:13 Kontroll av ikke-dosimetriske parametre ved CT-basert planlegging av stråleterapi

Opplæringsprogram for fysikarar i medisinsk fysikk

Det finst inga profesjonsutdanning for medisinske fysikarar i Noreg. I 2005 publiserte KVIST eit nasjonalt opplæringsprogram med øvingsoppgåver for medisinske fysikarar i stråleterapi (SR 2005:6, SR 2005:6b). Norsk Forening for Medisinsk Fysikk arbeider for tida med eit oppdatert utdanningsprogram for fysikarar.