Straum og helseeffektar

Tilbake

Publisert 18.12.2013, oppdatert 02.02.2016 13:36

Stikkord: Strøm og høyspent

Det er ikkje dokumentert nokon negative helseeffektar ved eksponering for høgspentanlegg så lenge verdiane er lågare enn grenseverdien som er 200 mikrotesla (µT). Dette gjeld for vaksne og barn. I dagleglivet vil ingen bli eksponert for verdiar i nærleiken av grenseverdien.

Typiske verdiar i bustader som ikkje er i nærleiken av høgspentanlegg er 0,1-0,01 µT. Verdiane rett under dei kraftigaste høgspentlinjene vi har i Noreg, kan kome opp i 15–20 µT, og i enkelte tilfelle noko høgare tett inntil store transformatorar.

Bakgrunnen for den uroa som råder i samband med nærleik til høgspentanlegg, er at det på slutten av 1970-talet blei publisert ei undersøking i USA som viste at barn som budde i nærleiken av elektriske kraftleidningar, hadde auka risiko for å få kreft. Mange forskarar rundt i verda ønskte å finne ut meir om dette, noko som blei starten på ei rekke studiar der ein forsøkte å bekrefte eller avkrefte om det verkeleg var ein samanheng. Trass i omfattande forskingsinnsats har ein ikkje klart å kome heilt til botnar i dette, og det er risikoen for å få leukemi blant barn som ikkje er heilt avklart.

Forskning - leukemi blant barn

Forsking er utført på celler, dyr og menneske, då som befolkningsundersøkingar. Samla har befolkningsundersøkingar vist at barn som veks opp nær høgspentlinjer der magnetfeltet i snitt over året er rundt 0,4 µT eller meir, kan ha ein auka risiko for å utvikle leukemi. Denne samanhengen er ikkje bekrefta med celle- og dyreforsøk, noko som er heilt nødvendig for å kunne konkludere med at det er ein samanheng. Trass i at det er usikkert om samanhengen mellom nærleik til høgspentanlegg og leukemi er reell, har myndigheitene valt å følgje eit varsemdsprinsipp når det gjeld problemstillinga.

På bakgrunn av kunnskapen om leukemi som er omtalt i avsnittet ovanfor, har WHO klassifisert magnetfelt frå høgspentleidningar som mogleg kreftframkallande. Ein gjennomgang av risikoen ved eksponering for straum frå høgspentanlegg er gitt i  Strålevernrapport 2005:8: Forvaltningsstrategi om magnetfelt og helse ved høyspentanlegg.

Dette er bakgrunnen for at Noreg har innført eit utgreiingsnivå på 0,4 µT for nybygg og nye høgspentanlegg. Les meir om dette: Høgspentledningar og transformatorar.

Det er ikkje påvist at auka risiko for kreft hos vaksne eller for andre kreftformer hos barn kan knytast til det å bu nær høgspentanlegg, heller ikkje andre former for helseskade.

Plager og ubehag

Andre former for plager og symptom i samanheng med eksponering for elektromagnetiske felt, er ikkje dokumenterte. Omgrepet el-overfølsemd blir nytta av enkelte for å beskrive ubehag og plager som er knytte til elektromagnetiske felt. Det er i dag ikkje dokumentert at elektromagnetiske felt frå høgspentleidningar og elektriske anlegg er årsak til symptoma el-overfølsame opplevingar. Plagene skal takast på alvor, og dei som opplever slike plager og symptom, skal kontakte helsevesenet.

Forsiktigheit ved andre kjelder

Det er eit generelt strålevernprinsipp å unngå all unødig eksponering. Derfor blir det tilrådd eit bevisst forhold til langtidsopphald nær elektriske anlegg, i rom med varmekablar eller andre elektriske artiklar der verdiane over tid er over 0,4 µT. Dette gjeld for stader der barn har langvarig opphald, hovudsakleg nær senga.