Norske atomanlegg

Tilbake

Publisert 01.12.2013, oppdatert 01.02.2016 15:44

Stikkord: Atomsikkerhet og kjernekraft, Forskningsreaktor, IFE

Strålevernet fører tilsyn med sikkerheita ved norske atomanlegg: dei to forskingsreaktorane ved Kjeller nær Lillestrøm og i Halden, og avfallsdeponiet i Himdalen i Akershus. Alle tre er drivne av Institutt for energiteknikk. Tilsynsansvaret omfattar også tilsyn med transport av radioaktive stoff til og frå anlegga i tillegg til behandling og lagring av radioaktivt avfall.

Kjellerreaktoren

Kjellerreaktoren, JEEP II, er ein 2 MW forskingsreaktor som kom i drift i 1966. Reaktoren er lokalisert på Kjeller, ca. 20 km nordaust for Oslo sentrum.

Reaktoren er ein tanktypereaktor (tungtvatn) som blir operert på 55˚ C og atmosfærisk trykk. Standardbrensel er 3,5 % opprika UO2-pelleter, med kapsling av aluminium. Reaktoren er i drift rundt 265 dagar i året. 

Kjellerreaktoren. Foto: Statens strålevern

Kjellerreaktoren. Foto: Statens strålevern

Kjellerreaktoren har fleire bruksområde. Han blir blant anna brukt til:

  • • Grunnforsking i dei faste stoffa sin fysikk. Med nøytrona kan ein «sjå» små strukturar og studere atom og molekyl på eit nivå som ingen andre forskingsinstrument gir moglegheit for. Per i dag er JEEP II-reaktoren på Kjeller den einaste vitskapelege nøytronkjelda i Norden.
  • Produksjon av isotopar for medisinsk og teknisk bruk.
    • Industrielt blir isotopar brukte til kontrollkjelder for tettleiks- og mengdemålingar, industriell radiografi mm.
    • Medisinsk blir isotopar i stor grad brukte til å diagnostisere og behandle kreft. Det er IFE som har ansvar for distribusjon av radioaktive legemiddel til sjukehus rundt om i Noreg. Nokre isotopar blir produserte i JEEP II, syklotronar ved universitet og sjukehus produserer F-18, og ein del isotopar kjem frå utlandet og blir distribuerte vidare. Mange av desse legemidla har kort halveringstid, derfor er det viktig med ein effektiv logistikk og distribusjon.
  • Doping av silisium med fosfor frå nøytroninnfanging for produksjon av halvleiarar. Hovudsakleg til bruk i kraftelektronikk, blant anna i el- og hybridbilar.

Haldenreaktoren

Haldenreaktoren, Halden Boiling Water Reactor, er ein 25 MW forskingsreaktor som kom i drift i juni i 1959. Reaktoren ligg inne i Månefjellet, like utanfor Halden sentrum.

Reaktoren er ein kokvassreaktor (tungtvatn) som blir operert på 235˚ C og 33 bar. Standardbrensel er 6 % opprika UO2-pelleter, med kapsling av zircaloy. For eksperimentalbrensel blir det nytta oppriking opp til 19,9 %.

Reaktoren er i drift rundt 200 dagar i året. Når reaktoren er i drift, blir det levert damp til nabobedrifta Norske skog for bruk i produksjonen.

Haldenreaktoren. Foto: Statens strålevern.

Haldenreaktoren. Foto: Statens strålevern.

Haldenprosjektet er eit internasjonalt forskingsprosjekt under OECD-organisasjonen Nuclear Energy Agency (NEA) der statlege sikkerheitsorganisasjonar, nasjonale forskingsstiftingar og industribedrifter frå 19 land samarbeider. Haldenprosjektet blir administrert av Institutt for energiteknikk. Haldenprosjektet blei starta i 1959 og er i dag Noregs største internasjonale forskingsprosjekt.

Eksperimenta som blir utførte i Haldenreaktoren gir grunnleggande kunnskap om reaktorbrensel og eigenskapane til ulike materiale ved langtidsbruk i reaktoranlegg.

Haldenreaktoren har fleire bruksområde. Han blir i hovudsak brukt til:

  • Undersøking av nukleært brensel. Reaktoren kan simulere forhold i ulike typar reaktorar for å teste eigenskapane til brensel.
  • Undersøking av materiale, hovudsakleg kapslingsmateriale eller konstruksjonsmateriale til reaktortank. Mange av forsøka blir gjennomførte med bestrålte prøvestykke, noko som gir nødvendig realisme når det blir målt brenselstemperatur, pinnetrykk, dimensjonsstabilitet, korrosjon og sprekkvekst under representative termohydrauliske vilkår.
  • Utvikling av nye målemetodar og instrument ved undersøking av brensel og materiale.

Anlegg for lagring av avfall i Himdalen

Det finst eitt nasjonalt avfallsdeponi i Himdalen (Akershus) for sluttlagring av radioaktivt låg- og mellomaktivt avfall. Det er Statsbygg som eig lageret, mens IFE er ansvarleg for drifta av anlegget i Himdalen.

Himdalen blei opna i 1998. Anlegget er bygd i fjell, som fire separate fjellhallar med felles åtkomsttunnel. Kapasiteten i deponiet er dimensjonert for behovet fram til rundt år 2030.

Avfallet i Himdalen er driftsavfall frå dei nukleære anlegga på Kjeller og i Halden og radioaktive kjelder brukte i industri og medisin. Det er også planar om å lagre radioaktivt forureina komponentar frå dei to norske forskingsreaktorane i Himdalen etter at desse har blitt dekommisjonerte.

Mengde av brukt brensel i Noreg

Samanlikna med kjernekraftnasjonar er mengda av brukt reaktorbrensel frå dei to forskingsreaktorane i Noreg svært avgrensa. I 2013 var mengda av brukt reaktorbrensel frå IFE si verksemd sidan starten i 1951 ca. 17 tonn. Det går føre seg ein prosess for å bestemme korleis ein skal handtere dette avfallet, og saka har blitt drøfta av fleire statlege utval.

Forskningsreaktorane – konsekvensar ved uhell

Reaktorane har ein energiproduksjon på mindre enn 1 % av eit typisk kjernekraftverk.
Det er gjennomført uhells- og konsekvensanalysar av begge reaktorane. Sjølv svært alvorlege uhell ved desse reaktorane vil ikkje påføre folk i omgivnadene stråleskade. Ved alvorlege uhell vil det likevel kunne bli aktuelt å evakuere folk i dei nærmaste omgivnadene (500–1000 m) for ein kort periode.

Ved ei alvorleg ulykke ved Halden-reaktoren vil radioaktive gassar kunne bli pressa ut gjennom sprekkar i fjellet som omgir reaktoren. Viss ventilane i ventilasjonssystemet gjennom dørene til reaktorhallen sviktar, vil ein få ei direkte utblåsing til luft. Konsekvensane vil vere lokale. Ei ulykke ved Kjeller-reaktoren vil kunne gi direkte stråling ved anlegget og radioaktivt utslepp til luft som kan føre til lokale konsekvensar.