Radioaktivitet i plantar, sopp og lav

Tilbake

Publisert 01.10.2014, oppdatert 27.09.2018 14:32

Stikkord: Radioaktivitet i miljøet, Planter, sopp og lav

Tsjernobyl-ulykka førte til at lav fekk mykje radioaktiv forureining direkte frå nedfallet. No er det forureina lavet i stor grad beita ned. Sopp i forureina område inneheld generelt meir radioaktivitet enn plantar. Dette aukar nivåa i dyr som et sopp.

Rimsopp kan ta opp mykje radioaktivt cesium. Foto: Håvard Thørring, Statens strålevern

Rimsopp kan ta opp mykje radioaktivt cesium. Foto: Håvard Thørring, Statens strålevern

Innhaldet av radioaktiv forureining i plantar, sopp og lav kan variere mykje mellom område og ulike artar. Radioaktiviteten i desse vekstane blir teken opp i dyr som et dei. Overvaking etter Tsjernobyl-ulykka viser at nivåa i plantar, sopp og lav utviklar seg forskjellig over tid. Etter ulykka fekk lavet høge nivå av radioaktivt cesium, men dette er no i stor grad beita ned.

Plantar og sopp tek opp radioaktiv forureining frå jordsmonnet via røter og sopphyfar. Nivået av radioaktivitet i plantar og sopp er avhengig av:

  • art 
  • mengda av radioaktiv forureining i jordsmonnet 
  • jordsmonnet sine kjemiske og fysiske eigenskapar

Strålevernet overvaker nivåa av radioaktivt cesium i beitevekstar og bær frå utsette område. Røsslyng peikar seg ut som ein av artane med høgast opptak av cesium-137. Molter tek generelt opp meir radioaktivitet enn blåbær, tyttebær og villbringebær.

Mange soppartar kan ta opp svært mykje radioaktivt cesium og dermed innehalde mange gonger meir radioaktivitet enn plantar. Nivåa i sopp varierer mykje mellom område og artar. Sopp frå forureina område kan framleis ha veldig høge nivå.

I samarbeid med Norges sopp- og nyttevekstforbund overvaker Strålevernet førekomsten og nivåa av radioaktivitet i sopp. Mykje sopp fører til auka nivå i beitedyr og hjortedyr.

Du finn meir informasjon om radioaktivitet i sopp, inkludert kva for artar som har dei høgaste nivåa, på sidene våre på Miljøstatus.no.  

Lav

Lav har ikke røtter, men tar opp næring direkte gjennom overflaten, noe som gjør den spesielt utsatt for radioaktivt nedfall. Lav fra områdene som mottok mest nedfall fra Tsjernobyl-ulykken, fikk derfor svært høye nivåer av radioaktivt cesium. Dette førte igjen til veldig høye nivåer i reinsdyr, som spiser lav, i årene etter ulykken.

Siden lav ikke tar opp ny forurensning fra jorden slik som planter og sopp, går nivået av radioaktivt cesium raskere ned i lav enn i andre vekster. Lav kan likevel fortsatt inneholde mye radioaktivitet i de mest forurensede områdene. Strålevernet følger utviklingen utvalgte steder i landet.