Nuklærmedisin

Nukleærmedisin er bruk av små mengder radioaktivt stoff (radiofarmaka) som blir tilført pasienten for å diagnostisere og behandle sjukdommar på ein sikker og smertefri måte.

Nukleærmedisin blir nytta for å ta bilete av kroppen og for å behandle sjukdom. Særleg gjev det å ta bilete nukleærmedisinsk legen informasjon om både struktur (oppbygging) og funksjon.

Pasienten får tilført små mengder radioaktivt stoff som er bunde til ei kjemisk sambinding (berestoff eller sporstoff), og som då blir dirigert til det kroppsorganet som ein ønskjer å undersøkje (hjarte, hjerne, nyrer, skjelett osv.). Etter ei stund kan ein ved hjelp av eit spesielt kamera (gammakamera) fotografere fordelinga av det radioaktive stoffet i organet. Denne fordelinga vil vere endra ved sjukelege prosessar i organet. Eit bilete tek som regel nokre minutt, og vanlegvis blir det teke bilete frå fleire sider.

Prosedyrane identifiserer ofte avvik frå det normale svært tidleg i ei sjukdomsutvikling – lenge før medisinske problem blir synlege med andre diagnostiske testar. Denne tidlege påvisinga gjer at det blir mogleg å behandle ein sjukdom tidlegare i sjukdomsutviklinga når ein meir vellykka prognose er mogleg.