Radioaktivitet i luft og omgjevnadane

Tilbake

Publisert 07.03.2017, oppdatert 07.03.2017 10:00

Stikkord: Radioaktivitet i miljøet, Radioaktivitet i luft

Strålevernet har seks luftfilterstasjoner som overvakar radioaktivitet i lufta i Noreg. Vi har også 33 automatiske målestasjonar, som måler radioaktivet i omgjevnadane og automatisk varslar om auka stråledoser.

Radnett

Radnett er eit landsdekkjande varslingsnettverk beståande av 33 automatiserte stasjonar som måler radioaktivitet i omgivnadene. Stasjonane består av ein detektor for måling av radioaktivitet, ein nedbørssensor og ein datakommunikasjonseining som overfører informasjonen frå målesensorane til Strålevernet. Informasjon om strålenivå på alle stasjonane er tilgjengelig på nett og finn du på radnett.nrpa.no

Nettverket blei etablert i åra etter Tsjernobyl-ulykka i 1986, og blei oppgradert og modernisert i perioden 2006–2008. Formålet med målenettverket er å gi eit tidleg varsel i tilfelle eit ukjent radioaktivt utslepp rammar Noreg. Vidare vil målingane frå nettverket vere ein viktig del av beslutningsgrunnlaget til Kriseutvalget for atomberedskap i ein tidlig fase etter eit utslepp.

Ein stasjon består av to utvendige detektorar og ein dataloggar plassert i eit skap. Detektorane er anten plasserte på ei tre meter høg mast som står på bakken, eller på bygningar. Den eine detektoren måler radioaktivitet i omgivnadene, den andre detektoren er ein nedbørssensor som registrerer om det er nedbør eller ikkje. Dette gir verdifull informasjon ved ei hending då bakken blir meir forureina av radioaktivtet når det er nedbør. Nedbørsinformasjonen er også nødvendig for å verifisere alarmar som skuldast radonutvasking.

Luftfilterstasjonane

Strålevernet har i dag seks luftfilterstasjonar for å overvake luftmassane i Noreg. Tre av stasjonane er plassert i nord, to i sør og ein i Midt-Noreg. Filtrane i disse stasjonane samlar opp støv frå lufta i løpet av ei veke, og vert deretter analysert ved Strålevernets laboratorium. Fire av stasjonane er i tillegg utstyrt med ein detektor av same type som på radnettstasjonane som kan varsle Strålevernet dersom radioaktiviteten på filteret vert for høg.

Stasjonane er viktige for å kartleggje radioaktivitet i luft og for å vurdere storleik på og samansetnad av utslepp ved uhell og ulykker. Tilsvarande stasjonar finst i heile Europa, og samarbeidet mellom landa gjer det mogleg å spore eventuelle utslepp av radioaktive stoff.

Alle luftfilterstasjonane har same prinsipp for å ta prøver av luft, men varierer noko i kapasitet og effektivitet. Felles for alle stasjonane er at store mengder luft blir pumpa gjennom eit spesialfilter med høg tettleik der små partiklar (aerosolar) blir fanga opp. Filteret blir skifta kvar veke og sendt til Strålevernet sine laboratorium for analyse.

Nokre av luftfilterstasjonane er også utstyrte med eit spesialimpregnert kolfilter som tek opp radioaktivt jod i gassform. Kolfilteret blir bytta kvar månad og analysert i dei tilfella der radioaktivt jod blir påvist på partikkelfilteret, eller når ein har mistanke om at det er skjedd eit utslepp.