Om Statens strålevern

Statens strålevern er fagmyndigheit på område strålevern og atomtryggleik. 1. januar 2016 vart Strålevernet organisert som ein etat i Helsedirektoratet.

Helsedirektoratet har heilskapleg ansvar for den nasjonale helseberedskapen. Direktoratet har også eit fagleg og administrativt ansvar for Strålevernet, med nokre unntak.

Strålevernet: 

  • er ansvarleg myndigheit innan områda atomtryggleik og ikkje-spreiing, 
  • har sjølvstendig avgjerdsmakt etter atomenergilova underlagt Helse- og omsorgsdepartementet, 
  • har ansvar og sjølvstendig avgjerdsmakt etter forureiningslova direkte underlagt Klima- og miljødepartementet, 
  • har ansvar og oppgåver for Utanriksdepartementet, inkludert arbeidet med atomhandlingsplanen og forvaltning av tilskotsordninga.

Sjå også: 

Ansvarsområde:

  • Statens strålevern har ansvar for forvaltning og tilsyn av all bruk av strålekjelde i medisin, industri og forsking, og med dei to forskingsreaktorane i Noreg.
  • Statens strålevern overvakar naturleg og kunstig stråling i miljø og yrkesliv.
  • Statens strålevern skal auke kunnskapen om førekomst, risiko og effekt av stråling. Dette gjeld mellom anna innan radioøkologi og medisinske effektar av stråling.
  • Statens strålevern leier, har sekretariat og operasjonslokale for den nasjonale atomberedskapen.
  • Statens strålevern har standardlaboratorium for måling av stråledose og radioaktivitet.

Serviceerklæring:

  • Ringjer du Statens strålevern vil du få raskt svar. Dersom sentralbordet ikkje kan hjelpe deg direkte, vil du bli sett over til sakshandsamar. Om sakshandsamar ikkje er til stades eller umiddelbart kan hjelpe, vil du bli kontakta innan to virkedagar.
  • Sender du brev/telefaks/e-post med oppmoding om vedtak i forvaltningssaker, vil Strålevernet svare deg innan tre veker. Du kan når som helst ta kontakt med sakshandsamar.
  • Bestilling av brosjyre og anna informasjonsmateriell kan gjerast per telefon eller e-post. Bestillinga vil bli ekspedert frå Strålevernet innan ei veke etter at ho er motteken.
  • Bestilling i innsynssaker etter offentleglova vil bli handsama/ekspedert innan fire virkedagar etter at bestillinga er motteken.