For seint å starte radonmåling

Tilbake

Publisert 17.02.2017

Stikkord: Radon

Fristen for å starte opp radonmåling no i vinter har gått ut, sidan radon bør målast over minst to månadar mellom midten av oktober til midten av april.

Dersom du ikkje har bestilt måleutstyr enno, rådar vi deg til å vente til hausten. Du kan starte målinga når målesesongen startar opp att i midten av oktober.

Er du allereie i gong med å måle, rekk du fint å bli ferdig til midten av april. Hugs å måle i minst to månadar.

Har du fått måleutstyret, men ikkje plassert det ut, anbefaler vi at du gjer dette så snart som mogleg.