Smarte straummålarar gir ikkje farleg stråling

Tilbake

Publisert 02.02.2017, oppdatert 06.02.2017 14:14

Stikkord: Mobil og trådløst

Strålinga fra smarte straummålarar er kortvarig og svak - og ikkje helsefarleg.

Innan 1. januar 2019 skal alle husstandar i Noreg ha installert såkalla smarte eller automatiske straummålarar (strømmålere, smartmålere). Her blir straumforbruk som er lese av, automatisk overført frå kunde til netteigar.

Desse målarane har fleire teknologiar. Nokre sender signal via straumnettet, medan andre sender via mobilnettet eller via radionettverk. Felles for desse teknologiane er at strålinga er kortvarig og svak, og ikkje helsefarleg.

Her er ulike smartmålarar. Strålinga frå desse er ikkje farleg. (Foto: Smarthub AS)

Her er ulike smartmålarar. Strålinga frå desse er ikkje farleg. (Foto: Smarthub AS)

Data fra straummålarar som blir sende over mobilnettet, skjer oftast via GSM 900. Eksponeringa fra desse sendarane er svak - vanlegvis tusendelar av grenseverdien.

Det er dermed ikkje grunnlag for Strålevernet å pålegge netteigarar å redusere strålinga fra smarte straummålarar. Ønskjer du som straumkunde ikkje å få installert ein smartmålar heime, må du ta det opp med netteigar.