Hopp til innhold

Den russiske atomisbrytaren «Rossiya» seglar langs Norskekysten


Strålevernet er kjent med at atomisbrytaren «Rossiya» skal segle langs Norskekysten. Fartyet er på veg frå Fiskebukta til Murmansk. Den er venta inn i norsk sone seint fredag/tidleg laurdag og skal etter det Strålevernet kjenner til, kome til Murmansk tysdag/onsdag i neste veke.
Atomisbrytaren «Rossiya» er av Arktika-klassen og vart satt i drift i 1985. Den har to reaktorar på totalt 342 MW og eit mannskap på ca. 150.