Hopp til innhold

Måling av radioaktivitet i dyr


Dei høge konsentrasjonane av radioaktivt cesium i beitedyr etter Tsjernobyl-nedfallet førte til mykje kassering av slakt i 1986.

For å unngå å slakte og kassere dyr med for høge konsentrasjonar av radioaktivt cesium, vart det i løpet av hausten 1986 og våren 1987 utvikla metodar for måling av radioaktivt cesium på levande dyr av småfe, storfe og rein. Desse metodane utnyttar at radioaktivt cesium sender ut gammastråling som kan registrerast på utsida av kroppen, jf. måling av radioaktivitet i menneske. Før desse metodane vart utvikla, vart kontrollen av radioaktivitet gjort på kjøttprøver frå slakta dyr.

Måling av radioaktivitet i levande dyr blir oftast gjennomført ute i felt, og fyrst og fremst for kontroll av sau og rein. Frå kvar saueigar eller beitelag blir det målt 10-15 sau. Avhengig av konsentrasjonar i dette utvalet blir heile flokken anten godkjent for slakting eller plassert på nedfôring. I ein reinflokk blir målingane brukt til å sortere ut kva for dyr som kan slaktast eller ikkje, og nedfôring blir vanlegvis berre nytta dersom ein stor del av reinen elles ikkje kan slaktast. I ein del område med mykje forureining blir cesiumbindarar brukt til å redusere opptaket av radioaktivt cesium i beitedyr, hovudsakeleg i dyr som beitar i utmark.

Måling av radioaktivitet i reinsdyr. Foto: Statens strålevern.
Måling av radioktivitet på reinsdyr
Måling av radioaktivitet på rein.


Edit 'NRPA Web'Edit 'Hidden'Edit 'ITM_Toggle_Links'Edit ''Edit 'NAV_Hidden'Edit 'Top'Edit 'PAG_Top'Edit 'Left'Edit 'ITM_Logo'Edit 'TopRight'Edit 'ITM_Eng_Flagg'Edit 'TopBottom'Edit ''Edit ''Edit 'Main'Edit ''Edit 'Left'Edit ''Edit 'Publikum'Edit 'ContentLeftMiddle'Edit 'TEMA:'Edit ''Edit ''Edit ''Edit 'PAG_Meldingshjemmeside'Edit 'Container'Edit 'ITM_ViewMessage'Edit 'Relaterte artikler'Edit 'Relaterte dokumenter'Edit 'Relaterte lenker'Edit ''Edit 'Right'Edit 'ITM_Search'Edit 'Relaterte dokumenter'Edit 'Relaterte meldinger'Edit ''Edit 'LST_Banner'Edit 'Footer'Edit ''Skip Navigation Links